Om Stavang
Stavang ligg ytterst på nordsida av Førdefjorden med flott utsyn mot øyane i vest. Her er veg til Eikefjorden og innover til Vevring og Naustdal.
Stavang var sentrum i tidlegare Bru kommune som blei slått saman i storkommunenen Flora i 1964.
Særpreget ved naturen i Stavang er den nære kontakten til sjøen i eit område med mange øyar, holmar og skjær i ein idyllisk vestlandsk skjærgard. Området er skjerma og lunt samtidig som det er kort avstand til Brufjorden og storhavet utanfor. Stavang er eit solrikt område, ingen høge fjell eller åsar stenger for sola.
Stavang er eit ideelt utgangspunkt for fritidsfiske i sjøen fordi ein med båt kan gå i alle retningar enten ein likar småfiske i grunt vatn mellom holmane eller vil prøve seg på djupare vatn ute i fjordane. Dersom ein er heldig treff ein også på våre minste kvalar, nisene, som er vanlege her. Men då bør ein slå av motoren og lytte etter pustinga deira, som er lett å høyre på stille sommarkveldar